Mål og meinig med prosjektet
Her vil me informera dykk kva med vil oppnå med dette prosjektet.
Hovedpoenget er vel eigentleg at me både lev og yndar for denne typen aktivitetar! Det er me heller ikkje redd for å påpeika!
Ellers vil me få med at dette er ikkje eit opplegg me har for å tjena pengar, eller at det er noko me gjer med stygge baktankar.
Det er det ikkje!
Dette gjer me fordi me vil at ungdom på Tysnes som ikkje likar fotball eller handball, men som derimot synest s c e n e r ø r s l e er rektig morosamt, skal ha ein fritidsaktivitet som skal få dei til å trivast på denne øya!
Her er jo nemleg mogelegheitane opne!
Det er behov for all slags folk, så me håpar å sjå ferre ungdommar som sit på benkjene i Våge om ettermiddagen, og drikk cola...
Her får nemleg både scenearbeidarar, aktørar, arrangørar, matansvarlege og alle andre som blir med verkeleg prøva seg. Her skal nemleg berre det beste fram på scenen!
Men husk: "Du er ikkje dårlegare enn nokon andre, og det er viktig at akkurat du er med!"
Hugs også at me ikkje ser på dette som eit eingongstilfelle, dette er noko me ynskjer å halda fram me til nokon grev oss ned!
Difor er det viktig å ha tilgong på arbeidsviljuge folk!
Men før du vert lei av å lesa dette, kan du få hovedpunkta opplista, så ser du iallefall måla i grove trekk:
–Gje interesserte eit tilbod til å vera med å underhalda eit publikum
–Dersom me tjenar pengar, vil me la deler av dei gå til ein organisasjon som hjelper dei som ikkje har det lika godt som oss, t.d "Plan Norge". Noko må me jo også bruka til å driva denne organisasjonen, men mottoet er å hjelpa andre som ikkje har det godt!
–Læra av det me gjer, og utvikla oss til det betre, slik at dette kanskje kan verta eit populert tiltak!
–Utvikla lokale talent, og la interesserte få prøva seg på scenen
–Visa dei gamle "travane" at ungdom både vil og kan få til noko på eiga hand!
–Gjennomføra desse prosjekta utan å ha med vaksne, i hovedsak for å fylja førre punkt!