Informasjon


Her kjem litt informasjon om kva dette dreiar seg om.
Dersom du trur du er interessert, er det svært viktig at du les dette, for det me i hovedsak treng no, er folk.
Planen er å laga ei framsyning, truleg i Grendatun, Uggdal.
Denne vil me venta me til etter eksamenstid, idet det faktisk er nokre sjeler som les til eksamen...


Dei folkeslaga me treng er:
-Musikarar
-Dansarar
-Skodespelarar
-Folk som kan og vil laga film
-Folk som vil laga kulissar og kostymar
-Folk som vil kjøra lys/lyd og andre effektar
-Folk som vil selja mat, brus, kaffi og kanskje laga desse produkta og
-Folk som vil ta seg av publisering, billettsal, rigging, scenearbeid, osb...
-Folk som vil ta seg av det som me gløymde å ta med her...

Dette er i grove trekk det me treng, og er du interessert, kan du senda eit e-skriv til styret.
[email protected]

Opplegget blir altså at dei grupper innan for dei tidlegare nemnde greinene øver kvar for
seg på sine ting, og at me som er i styret er me på ei og annan øving dei har,
og tilpassar opplegget deira for framvisinga, og hjelper dei å betre resultata sine.
Kvar gruppe, film, drama, dans eller musikk må jo når generalprøvane og sam-øvingane kjem,
passa sine innslag inn i det samansveisa opplegget.


Me har og tenkt at dei som driv med film/video skal gjera opptak under framsyningane, slik at me forevigar alle innslaga som har vore på scenen.
Me vil og prøva å skaffa utstyr til å gjera digitalt lydopptak, slik at dei beste innslaga, anten musikk eller sketsjar der det verbale er avgjerande, kanskje kan komma ut på ein CD i framtida! Dette er berre ein tanke me har, men det er jo alltid mogeleg å gjennomføra planane!
Det kjem meir informasjon etterkvart som me kjem fram til meir konkrete ting.
Stå på, ungdommar!

Tilbake